Vandringsmønster hjå laksesmolt frå Stryn- og Eidselva 2018
Kartlegging av utvandringstidspunkt og marin åtferd til smolt av laks vart undersøkt ved hjelp av akustisk fisketelemetri i Stryneelva og Eidselva i Nordfjord sesongen 2018. Laksesmolten gjekk hovudsakleg ut frå vassdraga i to markerte periodar frå byrjinga på mai (med topp 5-6. mai) og ein 2,5-3 veker seinare.